page view image

Sildefesten – The Fingals // Eckhoff Duo

Arrangementsinformasjon
event image

I år er det The Fingals og Eckhoff Duo som skal underhalde i SPV-teltet. Dermed blir det både irsk musikk, og det beste av den beste musikken til publikum.

Teltet opnar kl. 2100.

———

The Fingals

The Fingals
The Fingals er ein gjeng spelemen som har spelt irsk og skotsk folkemusikk saman i over 30 år. Dei speler tradisjonslåter som blant anna er kjent gjennom band som Dubliners, coverlåter frå kjend folkrockband som Pogues og Waterboys, og nokre eigne låtar i same sjanger. Her blir det full fart, med ein og annan litt var låt innimellom.


Eckhoff Duo
Øystein Eckhoff har jobba som musikar på heiltid sidan 2008, og har turnert store delar av Norge. Han rakk på kort tid å bli ein av Vestlandets aller mest etterspurte trubadurar, og har hatt ein full kalendar dei siste åra. Med eit humør som smittar og med ein musikalitet på høgt nivå har han skapt godstemning kvar enn han har reist.

No får ein òg gleda av å høyre Eckhoff i samspel med Aidan O’Brien, eit samarbeid det verkeleg svingar av. O’Brien er irskfødd, og er til dagleg busett i Birmingham (UK). Han har jobba som musikar sidan ung alder, og i tillegg til vokal/gitar, trakterar han ei heil rekkje av instrument. Banjo, irsk sekkepipe og fløyter er noko av det han kan finne på å stille opp med, og i likheit med Øystein, har han eit arsenal av godlåtar på lager. Saman utfyller dei kvarandre i musikalsk harmoni og ekte speleglede!

———

Vi gler oss til å samle folk igjen til denne tradisjonsrike festhelga Himmel&Hav er!

Kom til Florø og bli med på fest.

fingals
eckhoff
irsk
sildefesten
sildebordet
florø

Restriksjoner

Aldersgrense 18 år.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar blir ikkje refundert.

Sparebanken Vest gjer det mogleg å arrangere denne kvelden. Tusen takk!